Velkommen til Hundeidvik Fotballfestival

Laurdag 25.5.2019

På Hundeidvik Fotballfestival ønskjer vi å skape gode sosiale fellesaktivitetar med barnefotballen i sentrum. Vi inviterer til ei annleis fotballturnering der vi ønskjer å skape gode aktivitetar for heile familien.

Under eige menyval, kan du lese om rapellering frå tårnet, hesteriding, barnas bondegard, gullgraverleiren, ATV-køyring, hoppeslottland, leikeparken og Tarzan jungelen. I tillegg får alle bade på det oppvarma utandørsbassenget på Ikornnes.

Også i år vil vi avsløre nye overraskingar når arrangementet nærmar seg.

Mange unge fotballspelarar har større eller mindre søsken som også skal ha ein positiv oppleving av det å vere med på turnering.

Sett av dagen, så vil Hundeidvik Fotballfestival by på ein dag fylt med opplevingar for heile familien!

—————————————————————————————————————————–

For meir informasjon, ta kontakt med:

Jens Arne Bonesmo

Tlf: 992 83 765

Ronny Utgård

Tlf: 90 69 77 88

E-post: fotballfestival@hundeidvik.no

info3
IMG_6787
IMG_7577
IMG_6828