
Velkommen til Hundeidvik Fotballfestival
Laurdag 29.5.2021
På Hundeidvik Fotballfestival ønskjer vi å skape gode sosiale fellesaktivitetar med barnefotballen i sentrum. Vi inviterer til ei annleis fotballturnering der vi ønskjer å skape gode aktivitetar for heile familien.
Under eige menyval, kan du lese om rapellering frå tårnet, barnas bondegard, gullgraverleiren, ATV-køyring, hoppeslottland, leikeparken, Tarzan jungelen, boblefotball, dart-fotball m.m. I tillegg får alle bade på det oppvarma utandørsbassenget på Ikornnes.
Også i år vil vi avsløre nye overraskingar når arrangementet nærmar seg.
Mange unge fotballspelarar har større eller mindre søsken som også skal ha ein positiv oppleving av det å vere med på turnering.
Sett av dagen, så vil Hundeidvik Fotballfestival by på ein dag fylt med opplevingar for heile familien!
—————————————————————————————————————————–
For meir informasjon, ta kontakt med:
Jens Arne Bonesmo
Tlf: 992 83 765
Ronny Utgård
Tlf: 90 69 77 88
E-post: fotballfestival@hundeidvik.no



